Einar Almås fra DNB BANK Asa hadde i dag timar om økonomi med niande- og tiandeklassingar på Rimbareid skule. Det var spennande.

Almås snakka om privatøkonomi, om betallingsvilje og betalingsmerknader, om overgangen frå betaling med fysiske pengar til dagens elektroniske transaksjonar og handel på mobil og internett. – Eg har ikkje prøvd ut dette opplegget på Stord før, men i Oslo vert store megder elevar inviterte til slike opplegg, fortel Almås til fitjarposten.no.

I klasse 9A som me vitja, sat elevane som tende lys og høyrde på mens Almås forklarte, og etterpå kom dei engasjert med gode kommentarar og spørsmål. Elevane me snakka med etterpå var då òg svært samstemde på at dette var svært interessant og at dei hadde lært mykje.