Fitjar tok sin femte strake siger i 5. divisjon onsdag kveld då dei vann 2-0 over Hetlevik på graset i Fitjar Idrettspark.

A-laget spelte ein kjedeleg kamp mot botnlaget Hetlevik, ifølgje rapportane me har fått frå kampen. Men det var aldri nokon tvil om kva veg det ville gå. Fitjar hadde dei fleste og beste sjansane, medan dei poenglause gjestene frå Hetlevik sjeldan kom til målsjansar. Dei to midtstopparane Martin H. Vestbøstad og Nils Ingard Tislevoll viste på nytt at dei veit kva fot dei skal stå på, og hadde kontroll på det meste.

Og Leif André Tangen har i glimt begynt å visa seg som det angrepsvåpenet han var i fjor. Det var derfor ikkje tifeldig at det var han som fekk gleda av å gi Fitjar 1-0, etter 10 minutts spel. Det andre målet kom ved Jan Åge Tislevoll eitt minutt ut i andre omgang. I tillegg til dei to måla hadde Fitjar to stolpeskot, og fire gonger redda Hetlevik-forsvararane på streken. Det var såleis ein svært fortent siger i ein litt tam kamp på det våte graset i Fitjar Idrettspark, etter det me forstår.

Fitjar-trenar Kjell Træet seier seg godt fornøgd med dei tre poenga etter kveldens innsats, sjølv om spelet ikkje var all verda. – Men ein fullt fortent siger var det, meiner han. Han vil ikkje skulda på den glatte grasbanen. Rett nok har spelarane hans berre hatt to treningar på graset før kveldens seiekamp. – Men eigentleg bør den store grasbanen vera ein fordel for oss, meiner Kjell.

Jan Åge Tislevoll er no oppe på delt toppscorarplass for Fitjar, saman med skadde Thomas V. Waage. Sjølv meiner Jan Åge at han burde hatt fleire mål i kveldens kamp. Men til liks med resten av laget jublar han over tre nye poeng, og førsteplass på tabellen i 5. divisjon med 15 poeng.