Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Talet på koronasmitta stig i Fitjar, og kommunen har no fem personar som har fått påvist koronasmitte.

– Det er til no fem personar i Fitjar som har fått påvist koronasmitte etter testing. Gjennom smittesporing er det konstatert kvar smitten kjem frå, melder ordførar Harald Rydland, som ikkje vil fortelja noko meir om det nyaste smittetilfelle.

– Me ynskjer ikkje kommentera tilfelle nærare, men me går ut med at me veit kor smitta kjem frå slik at folk ikkje skal tru at det er «vill» smitte på Fitjar, fortel Rydland over telefon til Fitjarposten.

Han kan fortelja at testing for koronasmitte vert i utgangspunktet berre utført på personar med tydelege symptom på korona, eller at dei arbeider i helsevesenet.

– Det går nokre dagar frå testen er teken til resultatet er klart. Eksakt smittestatus er det difor vanskeleg å seia noko sikkert om.

Les ogso: Oppheva karantenen på Fitjar bu- og behandlingssenter: takka dei tilsette!