Trass i mager deltaking blei det oppnådd ei rekkje feite resultat under årets aadlandske femkamp på Fitjar.

Berre fire menn og to kvinner møtte opp på friidrettsbanen i Fitjar Idrettspark måndag kveld for å avgjera kven som er best i aadlandsk femkamp. Det viste seg å bli ein knivskarp konkurranse med ei rekkje sterke resultat.

Den lokale helten Bård Inge Bø stakk av med samanlagtsigeren etter å ha vunne kule og 3000 meter. Stille lengde og 60 meter blei vunne av Johannes Adland, medan André Olsen Aadland imponerte i spyd med eit vinnarkast på 35,80 meter.

RESULTAT

Stille lengde:

Johannes Aadland 2,82
Bård Inge Bø 2,75
André Olsen Aadland 2,67
Ola Nilsson 2,51

- Annonse -

Marit Nitter 1,79
Marianne Aarbø 1,48

Kule:

Bård Inge Bø 13,44
Johannes Aadland 12,20
André Olsen Aadland 11,45
Ola Nilsson 9,75

Marianne H. Aarbø 6,44

60 meter:

Johannes Aadland 7,6
Bård Inge Bø 7,8
André Olsen Aadland 8,3
Ola Nilsson 8,7

Marianne Aarbø 9,9
Marit Nitter 10,8

Spyd:

André Olsen Aadland 35,80
Bård Inge Bø 33,03
Johannes Aadland 26,35
Ola Nilsson 23,43

3000 meter:

Bård Inge Bø 10,20,8
Johannes Aadland 10,32,5
Ola Nilsson 12,52,5
André Olsen Aadland 14,54,3

Marit Nitter 15,00,2
Marianne Aarbø 15,22,6

Samanlagt:

Bård Inge Bø 4016
Johannes Aadland 3736
André Olsen Aadland 3066
Ola Nilsson 2481