Fem fitjarbuar klarte merket under Birkebeinerrittet frå Rena til Lillehammer i går.

Dei som kunne dra heim med eit slikt bevis på kjempesterk sykkelinnsats i år var: Hildegunn Vestbøstad, Jonny Kjærland, Tor Jørgen Larsen, Kjell Magnar Helland og Gisle Vik.

Gisle fortel til fitjarposten.no at han og Roger Nesbø var mellom dei heldige som hadde tidleg startnummer. Dermed kom dei klar regnet. Underlaget var likevel fuktig nok som det var, etter kraftig regn i det siste.

– Men arrangørane har gjort ein god jobb med forbetring av traséen, understrekar Gisle.

Torleiv Solli, som var av dei som kom midt i regnvêret, har berre ein kommentar til rittet: – Vått!

Men han gler seg sjølvsagt over at sambuaren, Hildegunn Vestbøstad, køyrde så bra at ho klarte merket.

I alt var det 15 fitjarbuar som gjennomførte rittet i år.

Resultat

(alfabetisk etter førenamn, uansett klasse):

Frode Tislevoll 4:54:19

Grete Sunde Vik 5:31.06

Gisle Vik 3:45:55

Hildegunn Vestbøstad 4:52:55

Johan Rune Korsvik 4:21:06

Jonny Kjærland 3:17:36

Kjell Magnar Helland 3:31:06

Kjell Tislevoll 4.07.33

Roger Nesbø 3:55:32

Sigurd Underhaug 4:24:00

Terje Tislevoll 7:44:04

Tor Jørgen Larsen 3:24:32

Torleiv Solli 4:36:52

Ørjan Tislevoll 5:55:17

Øystein Helland 4:21.05