Fem generasjonar samla i barnedåp i Fitjar kyrkje. Foto: Privat.

Søndag 16. februar var fem generasjonar samla i Fitjar kyrkje i dåpen til vesle Matheo Vik Bratli.

Mormor til dåpsbarnet er Kari Steinsland Vik, og det er ho som har sendt oss biletet av dei fem.

På biletet ser me bak frå venstre mor til dåpsbarnet, Ailin Vik, oldemor, Anita Steinsland, og mormor, Kari Steinsland Vik. Framme sit tippoldemor, Kari Løvaas, med dåpsbarnet Matheo Vik Bratli på fanget.

Me takkar for biletet og gratulerer!