Årets hjortejakt er over og gav rekordresultat på Fitjar.

Inngunn Varanes ved Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor fortel at dei innrapporterte fellingstala syner at det har vorte felt fleire hjortedyr i haust både på Stord og i Fitjar enn nokon gong tidlegare. På Fitjar vart det felt heile 163 dyr og på Stord 112 dyr. Fitjarposten skreiv ved oppstarten av jakta om at det i år, som i fjor, var delt ut rekordmange fellingsløyve. Både i 2009 og 2010 vart det gjeve 175 fellingsløyve, men i år vart resultatet etter jakta endå høgare enn i 2009. Dette syner seg i fellingsprosenten, dvs. antal dyr som er felt i forhold til tildelte løyve. For Fitjar sitt vedkomande ligg denne prosenten i år på 94, medan den i 2009 låg på 91 prosent. Det vil seia at 165 dyr av 175 tillatne vart felt i år. Til samanlikning har Stord med sine 112 felte dyr ein fellingsprosent på 87.

Om den høge fellingsprosenten på Fitjar skuldast dyktige og ivrige jegerar eller stor tettleik av dyr skal vera usagt, men mange meiner at det er stadig fleire dyr i skogane, på bakkane og i fjellet vårt. Grunneigarar med stor beiteskade på innmark, slik som m.a. på Rydland og på Rimbareid, gler seg over dei høge tala.

På Fitjar er det 12 hjortevald, og halvparten av desse har fått tak i alle sine dyr. Ivarsøy var det einaste valdet der det ikkje vart felt dyr i år. Øvrebygda storvald, som lagar sin eigen bestandsplan, klarde ikkje å oppnå ein fellingsprosent på 100, me ligg likevel over gjennomsnittet med 95,7 %. Du kan lesa meir om hjortejakt og spesifikk fellingsfordeling på heimesida til hjorteviltregisteret her.

Hjortejakta var over 15. november og no kan hjorten igjen gå fritt, dersom den berre passar seg for bilane…