Neste veke vert det nok ein gong fellesmøter på Øvrebygda skule.

For tiende året på rad arrangerer Øvrebygda bedehus og pinsemenigheten Stord/Fitjar fellesmøter i gymnastikksalen på Øvrebygda skule.  Det vert møte kvar kveld klokka 19.30 frå torsdag 17. mars til og med søndag 20. mars. I år er det John Hardang som skal tala på møta. Han er dagleg leiar/radiopastor i P7 Kristen Riksradio. Jarle Karslen i pinsemenigheten Stord/fitjar seier Hardanger er ein fin forkynner og minner om at det i tillegg vert lokale songkrefter med på møta.