Dei siste åra har pinsemenigheten Stord/Fitjar og Øvrebygda Bedehus arrangerert fellesmøte på Øvrebygda skule. Slik vert det i år òg.

Møta vert haldne frå torsdag 15 mars til søndag 18 mars. Talar i år er Halvard Hasseløy.

Hasseløy er dagleg leiar i «Open Heart». Dei hjelper fattige i Vest-Europa. Tusenvis av menneske har fått del i denne hjelpa, og mange har blitt frelst og fått eit heilt nytt liv.

– Sett av disse dagene. Halvard Hasseløy er ein enkel og klar forkynnar av Guds ord. Lokale songkrefter  syng og spelar, oppmodar Jarle Karlsen i komiteen.