Det blir fellesmøte i år og i gymsalen i Øvrebygda skule. Det skjer ifrå torsdag 13 mars til søndag 16 mars.

Denne gongen er det evangelist Ludvik Marenius Karlsen som talar i fellesmøta. Han kjem av samme taterslekta som Ludvik Karlsen som var dagleg leiar av Evangeliesenteret. Men Ludvik Marenius Karlsen har alltid reist som evangelist, uavhengig av Evangeliesenteret sine opplegg.

– Ludvik M. Karlsen spelar gitar og syng i møta. Han har gitt ut fleire CD-ar. Vidare er han karakterisert som ein enkel og klar forkynnar av Guds ord.

I tillegg til Karlsen blir det fleire ulike songkrefter å få høyre i møta, seier Jarle Karlsen i komiteen for fellesmøta til fitjarposten.no.

Det er Øvrebygda Indremisjon og Pinsemenigheten Stord/Fitjar som står som arrangør.

– Set av desse kveldane og få andre med deg på møta, oppfordrar Jarle Karlsen til slutt.