Anne Karin Nilsen skriv om felles tur i Rossneset:

Førskuleungane i Fitjar møttest i Bakken barnehage den 28. mai til tur på Rossneset. Barnehagane har dei siste tre åra arrangert felles tur for dei som skal byrja på skulen. Me har vore i Fitjarstølane ved Olle Bolle steinen, på Fjellheim og denne gongen i Bakken barnehage. Kjekt for borna å møtast før dei skal byrja på skulen saman. Takk for ein kjekk tur, helsar alle i Fjellheim Friluftsbarnehage.