Rimbareid skule har fått eit utandørs bordtennisbord til skuleplassen som gåve. I dag vart det innvigd med snorklipping av rektor Svein Kåre Meling.

Bordet er gjeve som gåve av Sparebankstiftelsen DnBNOR i eit samarbeidsprosjekt med
Norges bordtennisforbund,  bordtennisgruppa i Fitjar Idrettslag og Rimbareid skule.

Undervisningsinspektør Bjørn Haaland kommenterer som representant for skulen at dei er glade for gåva. Han seier dette er eit verdifullt supplement til annan aktivitet i skulegarden.

Bordet er plassert ved inngangen til formingsavdelinga på Rimbareid skule. Det står ute under open himmel og skal kunna tåla ver og vind og aktiv bruk. Det er meininga at både ungdomsskulen og barneskulen skal kunna nytta bordet, men på ulike dagar.

-Bordet vart innvigd gjennom ein høgtideleg seremoni i storfriminuttet i dag. Som seg hør og bør klipte rektor, Svein Kåre Meling, snora før bordet vart teke i bruk. Elin Siglen, leiar i idrettslaget, var også med og kasta glans over opninga. Ho gratulerte og orienterte om idrettslaget sine treningstilbod i bordtennis. Etterpå var det oppvisningskamp mellom 10. klasse-elevane Anne-Margrethe Leirvik og Jørund Fjøsne, før dei andre elevane fekk sleppa til, seier Bjørn Haaland til fitjarposten.no

Skulen sine folk gav uttrykk for at dei rekna med elevane ville ta godt vare på bord og utstyr, og vona at tilbodet ville invitera til stor og mangslungen aktivitet i skulegarden