– I dag tirsdag var eg, Tuva og hunden Gismo ein tur bort i Aarbøelva og fiska etter småaure. Men det var ikkje berre småaure me fekk, skriv Rune Aarbø.

Han fortel vidare: – Me hadde med ei bøtte og fylte ho med vatn og hadde småfiskar i den så Tuva kunne sjå litt nøye på fiskane, og det syntest ho var gøy.

Etter nokre kast hadde eg noko stort på, men mista han. Etter eit par kast til var han på igjen, men den slapp denne gongen òg. Etter eit par kast til så sat fisken fast, og eg kunne stolt dra opp ein aure på 1 kilo, eller rettare sagt 1020 gram.

Etter å fiska der i maaangen år og fått fisk på 10-100 gram, så var dette stooort. Me tok fisken med heim og steikte den, og det var ein kvelds både eg og Tuva likte veldig godt:)