I januar 2009 fekk Fitjar Fjordhotell rammeløyve til å setja opp revytelt. Avd. for Plan og utvikling i Fitjar kommunen meiner at arbeidet starta før igangsetjingsløyve var gjeve. Dette medførte ekstra gebyr.

Rammeløyvet for revyteltet som var gjeve i januar hadde atterhald om at tiltaket ikkje måtte setjast i verk før igangsetjingsløyve var på plass. Etter kommunen sitt syn starta arbeidet opp før løyve var gjeve og gav Fitjar Fjordhotell v/ Engevik og Tislevoll eit ekstra gebyr på kr. 35500. Dei sendte klage på gebyret og saka har vore behandla i utvalet for Plan og miljø to gonger og no til sist i formannskapet. Etter litt diskusjon samla formannskapet seg i følgjande vedtak :

Formannskapet viser til sakutgreiing og vedtak i utval for plan og miljø.  Ut frå det som kjem fram der, meiner formannskapet det er rett å påleggja gebyr for oppstart av arbeid utan formelt løyve til igangsetjing.

Formannskapet vil likevel peika på at tiltaket hadde fått rammeløyve og at arbeidet som starta opp vart utført i tråd med dette. Kommunen sitt regulativ har berre ein sats for tilleggsgebyr ved ulovleg oppstart av byggearbeid.  Gebyret er det same om ein startar byggjearbeid heilt utan å ha søkt på førehand, eller om ein set i gang deler av arbeidet før dei aller siste formalitetane er heilt på plass.  At det ikkje skal skiljast i dette når det gjeld storleik på gebyr, meiner formannskapet er uheldig.

Formannskapet vil difor etter skjøn, fastsetja gebyret for igangsetting av tiltak utan løyve til kr. 5.000,-.

Formannskapet vil be om at utval for plan og miljø ser på problemstillinga som her er teken opp, ved neste rullering av gebyrregulativet.

steroids pills