Me spøkte 1. april om at statsminister Erna Solberg vil stille på gullfesten for Mariann Vestbøstad Marthinsen på Fitjar. No har Mariann verkeleg fått heider. Ein eigen heiderspris frå regjeringa, og møte med både kong Harald og statsminister Erna Solberg, under mottakinga til regjeringa i går.

Om dette skriv statsministeren sjølv på si eiga side på Facebook:

«Veldig hyggelig å få møte og prate med deltakere og støtteapparat fra paralympiske og olympiske leker på regjeringens mottakelse. En spesiell gratulasjon til Kjetil Jansrud som vant Fearnleys olympiske ærespris, og Mariann Vestbøstad Marthinsen som fikk regjeringens paralympiske ærespris.»

Under mottakinga som fann stad i statsministeren sin representasjonsbustad var òg kong Harald til stades.

-Det er alltid ei ære og stas å få møte og snakke med kongen. Han er så interessert i det me driv med, kommenterer Mariann.

– Har du tenkt meir på om du vil fortsetje karrieren?

– Vel, eg har hatt nokre rundar på det, men har vel landa på at eg i alle fall tek ein sesong til og får med meg VM, smiler Mariann Vestbøstad Marthinsen.
Ho legg til at ho gler seg skikkeleg til gullfesten heime på Fitjar 1. mai.


Fitjarposten med ein aldeles super sesong.