Tre brannmenn i Fitjar brannvesen fekk i dag grunnleggjande opplæring i bruk av hjartestartar. Dei andre mannskapa fekk repetert kunnskapane sine.

Det var instruktør Jarle Haakonseth i Stifinga Norsk Luftambulanse som heldt kurs. Han fortel til fitjarposten.no at Fitjar Brannvesen har fått hjartestartar av Luftambulansen for å kunne yte slik hjelp mens dei ventar på ambulansen.

Han ser gjerne at Fitjar Brannvesen vidare kjem inn under ordninga «Mens du venter på ambulansen». Det gjev dei betre førstehjelpskompetanse slik at dei kan yte endå meir overfor alvorlig sjuke og skadde inntil profesjonell hjelp kjem fram. Det kan vere snakk om stabilisering av pasienten, stans av blødningar, hjelp ved hjerneslag og meire til. I det heile fleire tiltak som kan berge liv. Situasjonen er jo den at Fitjar brannvesen kan vere på plass etter fem minutt, men ambulansen gjerne treng  rundt halvtimen – alt etter kvar ulykka skjer.

Førebels har ikkje karane i Fitjar Brannvesen fått formalisert ei slik kompetanse. Dermed kan dei berre hjelpe til med hjartestartaren. Men at dei ønskjer denne kompetansen er dei alle, med brannsjef Tore Nesbø i spissen, heilt tydeleg på. 

Haakonseth i Luftambulansen kan fortelje at brannvesenet på Bømlo allereie har fått formalisert slik kompetanse, og trur nok at Luftambulansen vil vere positiv til at Fitjar får det òg.