Fitjar sin beste handballspelar, Vegard Hareide, fekk oppfylt mykje av gutedraumen då han i dag vart presentert som ein av sju nye spelarar på Stord HK sitt elitelag. På biletet ser me:Bjørn Lindgård (dagleg leiar, Stord HK), Sigurd Sævereid (sportsleg leiar), Vegard Hareide og hovudtrenar Jesper Holm. Foto: Håkon C. Hartvedt

 Presentasjonen skjedde i Idrettsstova på Vikahaugane i ettermiddag, og sportsleg leiar Sigurd Sævareid og hovudtrenar Jesper holm fremhevar følgjande kvalitetar hos Vegard som handballspelar. -Snerten i handleddet. Han har eit «vannvittig» skot, han får meir og meir overblikk for spelet og er ein spelar for framtida. Dessutan veks ikkje venstrehandspelarar «på trær», seier dei. Vegard har no signert kontrakt for 1 år med klubben sitt elitelag.

Vegard starta karrieren på Fitjar, men begynte så i Stord for å utvikla seg vidare. Her vart det verkeleg fart i sakene, og Vegard har gått gradane til han no er klar som elitespelar.

Det kan bli svært spennande. Stord HK er eit av Norge sine beste handballag – og har som mål å nå Topp 3 i neste sesong. 

Frå presentasjonen på Vikahaugane i dag. Vegard nr 2 frå venstre. Foto: Håkon C. Hartvedt