Det blei til tider svært «hot stuff» i kultursalen på Fitjar laurdag kveld, då mellom andre Årstein Tislevoll og Jorun Erdal gjesta Fitjar musikklag sin konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

 

Det var rundt 120 personar som løyste billett då Fitjar Musikklag med gjester inviterte til konsert. Etter litt tekniske problem kom konserten i gong, og seinare såg ikkje artistane seg tilbake. Jorun Erdal tok straks grep for å få opp stemninga, og inviterte festlyden til å riste på stjerten under songen «Shake Your Tail Feather». Og dei fleste svinga med på svansen.

 

Sidan gjekk det slag i slag med veksling mellom ho, Åstein Tislevoll og Runar Thor Gudmunsson som solistar. Saman med musikklaget leverte dei ei solid konsertoppleving. Tislevoll fekk det til å rykkja i rockefoten med songar frå mellom andre Queen og Marius Müller, samt ein smittande energi frå scena. Gudmunsson framførte fleire mektige balladar og hausta taktfast applaus då han framførte Anthem frå musikalen Chess.

 

Runar Thor Gudmunsson formidla god stemning frå scenekanten. Foto: Arne Vestbøstad

 

Det verka som musikklaget likte å ha tonefølgje frå Per Egil Larsen på el-gitar og Øyvind Fitjar på bassgitar. Der gitarane var skrudd opp, klang det i alle fall godt saman. Personleg likte eg best nummeret Stormy Weather, med solist Jorun Erdal. Då sat dynamikken som den skulle. Orkester og solist tolka stykket kvar på sin kant, men likevel var dei saman om det.

  

Konserten fekk bokstaveleg ei pang-avslutting, då det blei fyrt av konfetti etter den energiske framføringa til Årstein og Jorun av James Brown-klassikarane I Feel Good. Og dei som då gjekk heim, trur eg svinga litt ekstra på svansen ut døra, og dei som blei att for danse-arrangementet, hadde fått ein god start på kvelden.

 

Velfortent applaus og konfetti over Fitjar musikklag og solister etter endt konsert. Foto: Arne Vestbøstad