Den pengesterke og glade gjevaren, Trond Mohn, gjev 250 000 kroner til kunstgras- og tennisdekke i Dåfjorden.

Hans Kobberstad og Annar Westerheim har lenge snakka om å få modernisert grusbanen dei laga ved Sælevik skule for ti år sidan.

Etter å ha søkt mange andre plassar, vart dei samde om å senda eit brev til den administrerande direktøren i Frank Mohn AS. Han er etter kvart blitt svært kjent som ein stor bidragsytar til samfunnsnyttige tiltak.

Og ikkje lenge etter at Westerheim og Kobberstad hadde sendt brevet, fekk Kobberstad telefon frå Trond Mohn.

– Me hadde ein veldig fin samtale som enda med at Trond Mohn spurde om 250 000 kroner kunne vera ein brukande sum, seier Hans Kobberstad til Sunnhordland.

Dei meinte sjølvsagt dåfjordingane at det var, og dei er både takksame og overvelda over gåva.

– Me kan no realisera planane om å leggja kunstgras, i tillegg til ein bane for mellom anna tennis og basketball, seier dei, og fortel vidare at dugnadsgjengen i haust vil gjera grunnarbeidet som skal til før ein kan leggja kunstgraset. I tillegg vil dei søkja om tippemidlar.

Les meir i papirutgåva av Sunnhordland frå i dag.