Latterbølgjene rulla gjennom salen under Hans Morten Hansen sitt stand-up show  i Kultursalen i går kveld.

Åleine på scena, i avslappa positur og talemåte, delte den kjende komikaren kvardagshistorier. Historier som han sette på spissen på ein slik måte at publikum til tider verkeleg slo opp latterdøra. 

Rundt 170 personar fekk med seg happeninga i Kultursalen som i dette høvet var rigga til med småbord og bar.