Fitjar-russen samla inn 24 938 kroner til Krafttak mot kreft 2012. I alt var det 19 russ frå Fitjar vgs som stod for innsamlinga.

– Me er svært takknemlege for den viktige innsatsen dei har gjort for kreftsaka, seier Ingeborg Ulstein, aksjonsleiar på Vestlandet, og rettar ein stor takk til russen og til alle som har gjeve eit bidrag til aksjonen.

Pengane som blir samla inn går til forsking på kreftformer med låg overleving. Dei store sjukdomsgruppene som bryst-, prostata- og tarmkreft har høg overleving, og mange kreftformer har hatt ein jamn stigande overlevingsgrad dei siste 50 åra. Andre diagnosegrupper er i andre enden av skalaen, og desse diagnosane er det naudsynt å forske meir på. Mellom dei er lunge-, bukspyttkjertel- og spiserørskreft. Til saman tek dei nesten 3000 liv i Noreg kvart år. Lungekreft er ei av dei kreftformene som rammar flest i Noreg. Kvart år får rundt 2500 sjukdommen, og omtrent 2100 av dei årlege 10 000 kreftdødsfalla skuldast lungekreft.

– Dei 25 000 kronene russen har samla inn, er eit viktig bidrag til det forskingsløftet me ønskjer å gi til forskning på kreftformer med låg overleving, seier Ingeborg Ulstein.