Rimbareid skule arrangerte i dag solidaritetskafe til inntekt for dei jordskjelvramma i Nepal gjennom SOS-barnebyar. Magnus Ahrens Helland, Thea Vestbøstad og Tor André Spissøy (på bildet) selde bakst og syntest det var svært kjekt å kunne gjere noko for andre på denne måten. Foto: Håkon C. Hartvedt 

Initiativtakar for det heile var lærar Evy Skogedal.
– Eg er ganske oppteken av solidaritetsarbeid, og medan eg såg på ei nyheitsending om jordskjelvet, fekk eg ideen, og tenkte: – Korleis kan me laga eit enkelt arrangement som samstundes gjev gode inntekter? Både elevar og dei vaksne på skulen tende på ideen, og det vart organisert baking i alle klassane – og av dei tilsette på skulen, seier Skogedal.

Haugar av lekker bakst var på plass då skulen i dag sette av to skuletimar + storefri til å gjennomføre tiltaket. Elevane selde delikatessane, og dei stod òg for fleire flotte kulturelle innslag.

– Me hadde nyleg ein talentiade på skulen, og no kunne me presentere noko av det i denne samanhengen òg, fortel Skogedal. Ho vil gjerne takke alle som har kome med mat og drikke – eller delteke med kulturelle innslag.

– Fantastisk at me kunne få til eit arrangement på så kort tid. Men når det gjekk, skuldast det sporty innstilling hos elevar, føresette, tilsette og fleire, seier Evy til slutt, med takksemd i stemma. Ikkje rart det. I alt kom det inn flotte kr 19 665 til den gode saka.

Evy Skogedal har all grunn til å gle seg over resultatet av arrangementet i dag. Foto: Håkon C. Hartvedt

-Kjempegreier! Det seieir denne gjengen rundt eit av borda i foajeen. Så får me berre vona at pengane kjem uavkorta til dei som treng dei, legg dei til. F.v. Inger Bjørsvik, Petter Hoff, Stine Bjørsvik og Birte Steinsland. Foto: Håkon C. Hartvedt

Elevane hadde mange godsaker å selje. Foto: Håkon C. Hartvedt

Dette bandet med f.v. Silje Rydland, Andreas Vik, Oda Rydland og Luka Vucenovic var eit av dei flotte kulturelle innslaga elevane stod for.
Foto: Håkon C. Hartvedt