Marit Vik Bergesen nyt det fine veret når me vitjar ho.

Berre fem kommunar i Norge har ein lågare dekning for meslingvaksine enn Fitjar. – Skremmande, seier Marit Vik Bergesen som hadde meslingar og fekk hjernehinnebetennelse som tenåring.

– Eg forstår ikkje kvifor folk vel å ikkje vaksinera seg og borna sine. På mi tid måtte me gjennom alle barnesjukdommane. Det var jo ingen vaksine, fortel Vik Bergesen.

Ho fekk meslingar som trettenåring, etter å ha vore gjennom alle barnesjukdommane.

– Eg trur eg må ha vore 13 år, eg hugsar det var seint i alle fall. Det var den siste barnesjukdommen eg fekk. Før det hadde eg kusma, raude hundar, vannkoppar, ja alt.

I dag får alle born tilbod om MMR-vaksine, den dekkjer meslinger, kusma og raude hundar.

– Meslingar gjekk som ein farsott, so eg fekk det eg ogso rundt april/mai. Sjølve meslingane kan eg ikkje hugsa at var ubehagelege. Når eg var i sluttfasen av dei, fekk eg lov til å sitja litt utpå trappa. Det var fint ver og eg skulle få meg litt luft. Når eg gjekk inn att følte eg meg litt slapp, so eg la meg no på sofaen. Etter det fekk dei ikkje kontakt med meg.

Frå sofa til isolat

– So hugsar eg sjølvsagt eg ikkje meir, men dette er det eg har blitt fortalt. Dei ringte til doktor Meland når dei ikkje fekk respons i meg.

– De får venta litt å sjå, sa han.

- Annonse -

– Eg veit ikkje om eg hadde feber, men eg var stiv i nakken, og gav uttrykk for at eg hadde vondt når dei bar meg. Eg hadde nok heise hovudverk. Mor mi var bekymra, og ringte til Melan’en fleire gongar. Han rekvirerte ambulanse, og når eg vakna låg eg på isolat på sjukehuset.

Kjenner enno kor dei stakk

– Eg var ute i 1 til 2 dagar, so det var litt av eit sjokk å vakna på isolat. Meslingviruset hadde angripe hjernehinna, og det finnes ingen medisin. Virus må brenna ut av seg sjølv.

Det gjekk ein smittsam variant, so eg måtte vera på isolat til dei hadde testa meg. Dei tok prøve av ryggmargsvæska for å sjekka. Heile fem personar måtte halda meg i ro. Eg kan enno kjenna staden dei stakk.

På sjukhuset var det å få væska i meg, og håpa at eg ikkje fekk varige men. Hjernehinnebetennelse kan jo gje både problem med høyrsel, syn og taleevner. Ja alvorlege hjerneskader er heller ikkje uvanleg.

Eg låg på isolat i ei veke trur eg, og det var då eg var dårlegast. Eg var slakk i lang tid etterpå, men eg fekk heldigvis ingen varige men.

Pinleg 17.mai og ny sykkel

– Eg hugsar det var frykteleg kjedeleg på isolat. Hadde jo ikkje fjernsyn, så det gjekk mange blad. Heldigvis var eg ikkje smittsam, so eg fekk lov til å få besøk ganske kjapt. Til 17.mai fekk eg lov å koma ut. Det var kjekt, heilt til eg forstod at alle hadde høyrt om at eg var sjuk. For ei på 13 år vart det pinleg, so eg var ikkje lenge ute.

Når eg vart frisk, fortalde mor mi at ho hadde lova at eg skulle få ny sykkel om eg overlevde. Eg hugsar det var frykteleg stort, eg hadde berre arva syklar før den. Det var ein kombisykkel, knall raud og veldig fin, fortel Vik Bergsen, som slapp billig unna hjernehinnebetennelsen.

Oppmodar folk til å vaksinera seg

Marit Vik Bergesen er glad for at det no finnest ein vaksine.

– Eg har vaksinert alle mine 4 ungar, eg er veldig glad dei slepp dei sjukdommane eg måtte gjennom. I dagens samfunn der folk reiser so mykje er det ekstra viktig å vaksinera seg, fortel Vik Bergsen. Ho trur folk les for mykje på internett.

– Alt er farleg om du les på internett, men det er jo ikkje farleg å ta MMR-vaksinen. Det er mykje nifsare å ikkje ta den. Ta det frå meg som fekk den verste følgjesjukdomen av meslingar.

Ho minner folk om at dette berre er 40 år sidan, og oppmodar folk til å snakka med foreldre/besteforeldre om korleis det var å ha desse sjukdommane.

– Det handlar om å tenkja framover, so me kan få rydda ut desse sjukdommane, avslutta Vik Bergesen.