Fleire pallar med fisk raste av sidedøra i ein semitrailar på veg sørover på E39 og braste inn i fronten på ein møtande bil. Ei kvinne vart sendt med luftambulansen til Haukeland universitetssjukehus.

I tillegg til bilen som fekk fisken i fronten, vart ein annan bil skadd i det han kjørte inn i pallane og fisken som vart liggjende i vegbanen.

Kvinna på 65 år som vart sendt  til Haukeland universitetssjukehus står det etter måten bra til med.

– Ho er lettere skada, opplyser sjukehuset. Ein mann i slutten av 60-åra som sat i samme bil ble frakta til Stord sjukehus. Tilstanden hans er ukjent.

Ein tredje person slapp unna med småskadar, opplyser operasjonsleder Jan Magne Østebøvik ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. Føraren av semitraileren er i begynnelsen av 20-åra og uskadd.

– Han vil bli følgt opp. Det har me rutinar for, seier transportselskapet til bt.no.

Statens vegvesen undersøkjer i kveld køyretøyet. Statens havarikommisjon er òg varsla. Sjølve trafikkuhellet vert etterforska av Stord lensmannskontor.

Les meir i bt.