Fitjar kulturskule og Rimbareid skule har fått 230 000,- i støtte frå staten til sitt spennande samarbeidsprosjekt PADAFIKO. 

På statsbudsjettet for 2012 vart det satt av midlar øyremerka stimuleringstilskot til kulturskular og andre kulturtilbod. Målet med midlane var å utvikla eit mangfaldig og kvalitativt betre kulturtilbod til fleire elevar, utvikla den kulturelle kompetansen til elevane gjennom erfaring med ulike kunst- og kulturutrykk og å leggja til rette for bedre utnytting av ressursane.

«Eleven på sitt beste – alle kan mestre» er visjonen til prosjektet på Fitjar, som er eit samarbeid mellom kulturskulen og Rimbareid skule, og som skal gjennomførast i skuletida. Høgskulen Stord/Haugesund vil og vera delaktige i prosjektet som har som mål å gje kunst- og kulturfaga i skulen eit løft og at alle elevane skal delta og oppleva meistring. I første omgang gjeld dette barneskulen på Rimbareid. Prosjektet går over skuleåret 2012/2013, men kulturskulerektor Anne Lene Ø. Jordåen seier at ein legg opp til at dette skal verta ei permanent ordning.

Anne Lene hadde stor tru på prosjektet då ho sende inn søknaden til utdanningsdirektoratet, men ho vart likevel svært gledeleg overraska då ho i siste minutt før ferien fekk vita størrelsen på tilskotet, 230 000 kroner. 
– Tenk at me som er ein så liten kommune kunne dra i land så mykje pengar, det hadde eg aldri drøymt om, seier rektoren som brenn for at alle skal få oppleva gledene ved å spela musikk og å delta i andre skapande aktivitetar. 
 – Desse ekstra midlane gjer at me kan kjøpa inn instrument og at lærarane på skulen kan få vera med under prosjekt, som skal verta leia av profesjonelle musikarar og kunstnarar. 

PADAFIKO står for PArkour, DAns, FIolin og KOrnett og det meste er no på plass for å setta i gang gjennomføringa av prosjektet. Rett etter hausferien startar det med ukulele-undervising for dei på 4. trinn og stomp/trommespel for dei på 7. trinn. Etter jul fortset elevane på 7. trinn med parkour, og utpå våren vert det minikornett for dei som går på 2. trinn og dans for dei på 6. trinn. I følgje planen skal alle trinna syna det dei har jobba med på ein konsert eller eit eller anna anna arrangement etter at deira prosjekt er ferdig. 

I prosjektet ligg det og plan for undervising i fiolin på 3. trinn, dans for dei på 1. trinn og brukskunst/design på 4. eller 5. trinn, men dette vert ikkje sett i verk dette året.

Elevane på fjerde trinn er førebudd på at dei skal få læra å spela ukulele og mange gler seg til å kunna akkompagnera seg sjølv når dei skal synga. 

Saman med Stord kulturskule, Sunnhordland museum og Høgskulen Stord/Haugesund fekk Fitjar kulturskule litt ekstra midlar i fjor og, men då ein betydeleg mindre sum. Den gong kom stimuleringstilskotet som støtte til kvedekurs i SFO, parkourprosjekt og oppstart av danseundervising.