Alle 1. klassingane i kommunen fekk i dag eigne lånekort på Biblioteket.

I tillegg til lånekorta fekk 1. klassingane oppleve ei musikalsk lesestund – og ei gåve frå Fitjar Folkebibliotek. Gåva var ei bok til odel og eige, og sjølvsagt har borna høve til å låne det dei måtte ynskje i tillegg.

I den musikalske lesestunda las bibliotekar Silje Vågen Torbjørnsen «Bukkene Bruse på badeland» av Bjørn F. Rørvik medan kulturskulerektor Anne Lene Jordåen knytte levande musikk til lesinga.

Ingressbilete: 1. klassingane følge skikkeleg godt med då Silje las om «Bukkene Bruse på badeland».