Supermånen sett frå terrassen i natt. Foto: Kjetil Rydland.

I natt klokka 04.35 var det fullmåne, ikkje berre det; dagens fullmåne er ein supermåne.

En supermåne er når ein fullmåne eller nymåne er nær sitt nærmaste punkt til jordkloden, perigeum, kan me lesa på nettstaden timeanddate.no. Det er berre superfullmånen me kan sjå.

Supermåne kallar me det når ein fullmåne eller nymåne har ein avstand på ca. 360 000 kilometer frå sentrum av jordkloden, og mikromåne er det nå denne avstanden er ca. 405 000 kilometer.

Når månen er på det nærmaste punktet mot jorda i den ellipseforma banen sin, kan han verka 14 prosent større og 40 prosent meir lyssterk enn når han er lengst borte.

Me har supermåne to gonger i året; den første i år var natt til måndag 9. mars. I 2021 skjer fenomenet natt til tysdag 21. april og onsdag 26. mai.

Supermåne ikke ei formell astronomisk nemning, men har blitt vanleg å nytta etter at astrologen Richard Noel først brukte ordet i 1979.

Om du ikkje fekk sett månen på det aller fullaste i dag tidleg, får du følgja med i kveld, om skyene dreg seg litt unna.