6.klassingane på Rimbareid måtte imponera både rektor og ordførar. Foto: Rimbareid skule

Torsdag og fredag fekk 6.klasse ved Rimbareid skule tenka heilt utanfor boksen.

I samarbeid med Ungt Entreprenørskap fekk elevane ei utfordring frå næringslivet, og måtte saman jobba fram og presentera ei teknologibasert løysing.

Tanken med dette undervisningsopplegget er å vekka innovasjon, skaparglede og kreativitet hos elevane. Det å tenka utanfor boksen og komma med ville idear, som kanskje er heilt geniale, fortel avdelingsleiar for mellomtrinnet, Dan Torbjørnsen.

Iherdig jobbing.
Foto: Rimbareid skule

Året oppgåve kom frå Bremnes Seashore: Korleis nytta teknologi til å redusera plastforbruket i produksjonen av Salma-laks, utan at det går ut over hygiene og mattryggleik.

– Ingen lita oppgåve, småler Torbjørnsen.

Vanskeleg juryjobb

Elevane jobba iherdig med oppgåva, og det stod ikkje på kreativiteten. Elevane beit seg merke i mykje eingongsplast i emballasje og arbeidskleda hos produsentane, og kom med mange spennande og innovative løysingar på å redusera plastforbruket. Høgteknologiske vaskehallar, maskin for desinfeksjon av hender, omsmelting av plastavfall, ja ideane var like mange som det var grupper. Dermed var det ingen enkel jobb som låg foran juryen beståande av ordføraren, rektor og avdelingsleiar.

Etter flotte presentasjonar og mykje grubling frå juryen vart det kåra to vinnarar, ein frå kvar klasse. Dommarane likte ideen om ein miljøstasjon som tek seg av alt av restprodukt, plast vert resirkulert og nytta om igjen, fiskeavskjer blir omdanna til kompostjord. Den andre ideen som fanga dommarane var å forbetra samlebanda slik at feilvakuumering av laks forsvinn, og dermed og mykje plast som ikkje vert nytta.

Ideane var mange. Foto: Rimbareid skule

– Klassane vil no jobba med å spissa løysinga til vinnarane, før ein endeleg vinnar skal kårast blant dei to. Denne vil gå vidare til ein regional- fylkeskonkurranse, forklarar Torbjørnsen.

Ein prat med kontaktlærarane Christine Auestad og Rune Longfjell Rimmereid avslører at denne undervisningsforma gav meirsmak, og at dei nok gjerne vil prøva seg på liknande oppgåver i framtida.