Femteklassingane i Fitjar prestegjeld fekk utdelt biblar under gudstenesta i dag. Soknerådsformann Roald Drønen stod for utdelinga. Forrettande prest var Aksel Lygre.

Mange sette tydeleg pris på gåva og begynte å bla i boka med ein gong dei var komne ned i kyrkjebenkane att.

Drønen helste med bibelordet i Matteus 4:26 om at mennesket lever ikkje av brød åleine og minna om at i Bibelen kan ein lesa om Gud.

Det gjorde òg Marianne Haugerud frå Norsk misjon i Øst. Ho kunne fortelja at i mange land er det ikkje lov å lesa i Bibelen. -Så de er heldige, sa ho.