Med fin song feira kyrkjelyden den glade påskebodskapen i Fitjar kyrkje 1. påskedag.


Påska er den viktigaste høgtida i den kristne kyrkja. Det veit kyrkjelyden i Fitjar, for dei fylte kyrkja til så godt som siste plass i går. To små gutar blei døypte i byrjinga av festgudstenesta. Før høgtidskoret frå kyrkjelydsturen til Helgatun i Myrkdalen stemte i.

Mange lett songbare påskesalmar stod på programmet i gårsdagens festgudsteneste. Og kyrkjelyden deltok aktivt i liturgien. Ekstra tonefølgje til songane sytte ei gruppe med ungdommar på messingblåsarar for. Dette framheva feststemninga under høgtidsgudstenesta, der begge prestane våre, kyrjkelydsprest Nobukazu Imasu og sokneprest Olav Johannes Oma, var med.

Tradisjonen tru var salmen «Deg være ære» eit av høgdepunkta; som vanleg stemte ungdommane ekstra sterkt i på den. Eit anna høgdepunkt var Tom Rydland si framføring av «En tåre renner fra ikonet» av Bjørn Eidsvåg. Det tidlegare nemnde Helgatun-koret avslutta gudstenesta med den mektige songen «Se denne mann». Både tekst og framføring gjorde sterkt inntrykk på kyrkjelyden:

Se denne mann! Sitter ved Faderens høyre hånd.
Evig skal han regjere, kronet med ære og herlighet.

Se denne mann! Kongenes konge, himmelens Gud.
Hør det all verden! Jesus Kristus er Herre!