Det nyrestaurerte naustet ved Vestbøstadsjøen vart feira med grilling og kvit dame søndag ettermiddag.

Det var primusmotor for prosjektet Rasmus Fitjar som inviterte alle frå Vestbøstadgarden, vestbøstadmannen som dei vart kalla frå gamalt av, til ei samling for å markera at arbeidet med restaureringa av det gamle naustet no er ferdig.

Rasmus såg sist sommar med vemod på det gamle bygget som haldt på å rasa saman, og fekk med seg eigarane på ideen om å restaurera naustet, som er SEFRAK-registert (Sekreteriatet for registrering av faste kulturminne). Ingen veit kor gamalt naustet er, men gamalt er det og for å vera med i registeret må det vera eldre enn frå 1900. Grunnen naustet står på er det Lars Vestbøstad som eig, men sjølve naustet er felleseiga for alle dei elleve bruka på Vestbøstadgarden.  Far til Lars,   Nils B. Vestbøstad, som er den eldste her ute i dag, fortel det han veit om naustet og om sildefisket som han hugsar frå sin barndom, då dei tok sild her i Vesbøstadvågen med å stengja av vågen med ei stor nòt.

Johannes Særsten i Særsten byggrestaurering har stått for det meste av det praktiske arbeidet. I tillegg har fleire av eigarane bidrege på ulikt vis, nokre med material og steinheller, andre med dugnad. «Det har blitt utførd litt dugnad, eller rettare sagt ein del dugnad» fortel ein nøgd Rasmus i si oppsummering av arbeidet. Bygningsvernkonsulent Bjørn Arve Lunde har godkjend arbeidet og har hjelpt til med ein rapport om prosjektet slik at dei har kunna søkja om økonomisk støtte til  å gjera det historisk naustet i stand att.

Johannes og Rasmus kan fortelja at mest mogleg av det gamle er teke vare på, men sjølvsagt har ein del måtte skiftast ut. Muren har blitt repparert, rote trevyrke er skifta ut, deriblandt er det satt på plass nokre nye, store og tunge bjelkar som dei måtte frakta med båt ut til naustet. Nokre takhellar var knust og måtte erstattast. Materialet kjem frå eigen skog og dei har fått sagd det til på saga til Nils K. Rydland. Nye gamle takheller har dei henta frå eit tun på Vestbøstad. Alt er gjort med kjærleik til det gamle, og på gamle måten. Mellom anna er det  stort sett brukt trenaglar for å halda ting saman.

For å markera at ein no er i hamn med restaureringa og at naustet er klart til å stå imot nye hauststormar var 35 stykker med tilknytting til Vestbøstadgarden samla, i tillegg til restauratør Johannes Særstein, sagbrukeigar Nils K. Rydland og underteikna utsending frå Fitjarposten. Naustet ligg litt «kronglete» til ute mot spissen av neset, men det er lett å finna fram. Nokre kom gåande gjennom skog og hammar, nokre få kom padlande medan dei aller fleste fekk båtskyss ut. Det vart trongt om plassen, men alle fekk grilla seg middag og fekk til slutt servert marsipankake og kaffi.

Det er kjekt med eit slikt felles prosjekt og heilt naudsynt for å ta vare på denne delen av kulturarven vår, er eigarane samde om.

Om det blir meir storfangst av sild  i Vestbøstadvågen er vel heller usikkert, og om båten i naustet nokon gong vert sjødyktig er og heller tvilsamt, men at naustet vil overleva både ein og to generasjonar til det kjenner dei fleste seg trygge på.

Meir om restaureringa av naustet kan du lesa her.