Fem fitjarbuarar var i sving på scenen under jubileumskonserten til musikklinja ved Stord vidaregåande skule.

Ei av stjernene denne kvelden var Ole Andrè Westerheim. Fitjarbu og tidlegare elev ved musikklinja. No lærar og lokalt etablert artist. Ole Andre briljerte i to songar frå musikalen We will rock you, saman med to andre tidlegare elevar, Heine Totland og Anita Myhre.

Ole Andrè Westerhiem, Heine Totland og Anita Myhre framførde Bohemian Rhapsody frå musikalen We will rock you, som vart sett opp av musikklinja i 2008. Foto: Helga Rimmereid

Det er no 30 år sidan Musikklinja sin tronge fødsel, som første musikklinje i Hordaland. Kveldens konferansier Heine Totland var elev i det andre kullet. Allereie i det første kullet, og under opningsarrangementet, var Fitjar representert med Rannveig Johnsen. Etter ho kom Solveig Strømme og etter den tid har ein god del fitjarbuarar teke si vidaregåande utdanning ved denne praktisk-estetiske linja. Ein retning som har krev ekstra mykje av dei som går der, men som både gjev elevane generell studiekompetanse og verdifulle kunnskapar, ferdigheiter og erfaringar innan musikk. For to år sidan var mellom anna Anne Lunde russ her, med kornett som hovudinstrument. Anne har satsa vidare på kornetten og musikken og studerer i dag musikk i Wales. 

Mange som har gått på musikklinja drøymer om å kunna leva av musikken, men alle kjem ikkje dit, og det er heller ikkje så viktig, sa konferansier Heine. 

– Musikkgleda er det viktigaste. Alle kan ikkje leva av musikk men alle kan leva med musikk, og bringa musikkgleda vidare!

Og slik har mange fitjarungdomar gjennom desse 30 åra brakt musikkgleda med seg frå skulen på Stord og heim til lokalmiljøet. Slik sett har kulturlivet på Fitjar mykje å takka musikklinja i nabokommunen for.

I dag har musikklinja fire elevar frå Fitjar. I andre klasse går Helga J. Raunholm med trombone som hovudinstrument og Ingvild Prestbø med kornett som hovudinstrument. I 1. klasse finn me Guro Rimmereid med piano som hovudinstrument og Inger Muri Slettebø med song som hovudinstrument. Tre av fire har ein del av sin bakgrunn frå Fitjar skulekorps, og skulekorpsa har gjennom alle dei 30 åra vore ein viktig rekrutteringsarena for musikklinja.

Jubileumskonserten var så absolutt ein jubilant verdig og synte oss både noko av historia, nokre av dei store talenta som har kome ut frå musikklinja og mykje av det flotte som rør seg der i dag.

2. klassingane deltok på konserten med song og eit danseinnslag frå fjorårets musikal, Jesus Christ Superstar.

2. klasse med Helga J. Raunholm som nr 1 frå venstre og Ingvild Prestø som nr 3 frå venstre med ei svært stemningfull framføring av Sabbatsbøn frå musikalen Spelamann på taket. Foto: Helga Rimmereid

1. klassingane hadde eit flott, synkront dansenummer til Radio Ga Ga frå musikalen We will rock you, i tillegg til at dei var med og song i skulekoret på opningsnummeret Neslandskyrkja.

1. klasse med m.a. Inger M. Slettebø (midt i biletet) med stilfull og flott dans til Radio Ga Ga. Foto: Helga Rimmereid

Konserten vart høgtideleg avslutta med Händel sitt Halleluja-kor, framførd av alle noverande elevar og nokre tidlegare elevar.

Som avslutningsnummer framførde noverande og tidlegare elevar Halleluja frå Messias, under leiing av Synnøve Tolaas. Foto: Helga Rimmereid

I tillegg til at ein god del Fitjar-ungdom har hatt viktige år på musikklinja har og mange av lærarane tilknyting til bygda vår. Tove Linge har vore med frå starten i 1985 og Helge Haaland har vore med nesten like lenge. Svein Tørnquist og Benedicte Meyer har undervist på musikklinja i mange år, og Irene Simonsen har både vore elev og lærar der. Irene var og å sjå som bakargut i jubilumsskrivet, på eit søtt bilete frå Hakkebakke-oppsettinga i 1993.

Ole Andrè Westerheim som gjekk på musikklinja 2007-2010 er kjend for dei fleste på Fitjar. Han har markert seg som ein habil songar og vert mykje brukt, no sist som hovudartist under Queen-oppsettinga i Fitjar kultur- og idrettsbygg i januar i år. Han seier at dei tre åra på  musikklinja har vore svært viktige år i hans liv.

– Det beste med åra der var dei utruleg dyktige og flinke lærarane. Samstundes var det deilig å delta på ein arena der ein dyrka det sære og unike, der ein fullt ut kunne får definera sin eigen personlegdom og identitet!

Ingressfoto: Dei fire fitjarungdomane som deltok på konserten: Inger M. Slettebø, Helga J. Raunholm, Ola Andrè Westerheim, Ingvild Prestbø og Guro Rimmereid