Sunnmørsk humor slo godt an då Fitjar kultur- og idrettsbygg feira 10- og 5-årsjubileum med standup-show i kultursalen laurdag kveld.

Komikar Terje Sporsem samla fullt hus, skapte rungande latter og hausta stor applaus frå salen under sitt standup-show på Fitjar. Det er blitt tradisjon med eit stand-up show i kultursalen kvart år. I år vart det ein del av feiringa av 10-årsjubileet for Fitjar kultur- og idrettsbygg, og 5-årsjubileet for kultursalen. Feiringa starta med ein formell middag i speilsalen, der mellom anna alle sponsorane til bygget var invitert. Etterpå var det ope show med sunnmørskomikaren og firebarnsfaren Terje Sporsem. Fitjarbuen set pris på å få besøk av kjende humoristar, og Sporsem samla folk i nærast alle aldrar frå 18 til over 70 år. Alle syntes kanskje ikkje alt var like morsomt, men latteren runga høgt og ofte, og publikum applauderte spontant midt under fleire innslag.

Sporsem som er kjend både for sine show, programleiing og skal vi danse-deltaking, vitsa med kjende ting frå eige liv og aktuelle saker på ein lett og ledig måte som verka nesten improvisert. Han hadde lese seg opp på fitjarposten.no, og viste til saker som velsigna på Fitjar, spennande temakveldar i kyrkja og kebab på bensinstasjonen. Fitjarpublikumet sat ikkje heilt i ro, og komikaren brukte mellom anna det som høve til å spela på publikum og dreiv litt ap med fleire i salen. Desse spontane innslaga var noko av det som gjorde showet spesielt bra, sa fleire eg snakka med etterpå. Første spontane applaus kom då han sa han hadde funne løyndomen bak å få respons hos damene; vasking og rydding. Stor applaus fekk han og då han tok fram gitaren. Mange hadde nok håpt på ei allsong-stund, men mimikken og faktene då han imiterte ulike musikar-typar fekk igjen fram smil og latter. Andre saker som det vart gjort humor ut av var meir alvorlege ting som krigen i Afghanistan, eller krigsliknande handlingar som dei kallar det, og innkjøp av nye jagarfly. I skrivande stund har eg framleis ulike jagarflylydar sterkt i øyra.

Publikum var begeistra, og då Terje hadde avslutta med ein humoristisk kjærleikssong til prinsesse Madeleine i Sverige, runga applausen og mange reiste seg og uttrykker at dei ville ha meir. Men showet var over, siste vits var fortald, scenen vart rydda og det vart gjort klart til levande musikk og dans. På veg ut trefte eg ein nøgd styreleiar i Fitjar kultur- og idrettsbygg, Agnar Aarskog. Han syns showet hadde vore bra og synte meg stolt speilsalen, der dei no er ferdig med arbeidet med ventilasjon og lyddemping i taket. Han fortel at bygget slit økonomisk, men det går. No gler dei seg over at dei skal få nye elektriske dører og over jubileumsgåva frå kraftlaget, som er meir lys ved inngangen. Huset er over ti år gamalt men ber lite preg av slitasje og står fram som eit velstelt og fint hus, og mykje av æra for det gjev Agnar til mor kulturhus, Annbjørg Raunholm.

I døra stod dei to profesjonelle vaktene Bylent Smakiqi og Christian Unneland frå International Security. Det vert anbefalt profesjonelle vakter på arrangement med alkoholsal og 18-årsgrense, og dette er ein jobb vaktene likar. Dei har vore på Fitjar før, og skryt over fitjarbuen som eit roleg og snilt folkeslag.