Foreininga for Stefanusalliansen i Fitjar markerte i ettermiddag 40-årsjubileet med fest og basar.

Annlaug Hovstad gav festlyden eit flott historisk tilbakeblikk, der ho mellom anna kunne fortelje at foreininga var starta i november 1971 i stova deira på Tongane. Vidare fekk me vite at foreininga seinare har vore delt to gonger på grunn av mange medlemmer, og at dei i dag er ni damer i foreininga. Eit høgdepunkt var då foreininga fekk vere med på innviiinga av ein bibelskule i Saldus i Latvia i 1995.

Ungdomskonsulent Hilde Skaar Vollebæk frå misjonen sentralt helste frå generalsekretær Bjørn A. Wegge, som kalla foreininga på Fitjar for «arvesølvet» til organisasjonen. – Foreininga dykkar skin meir og meir di eldre ho vert, la han til.

Sidan organisasjonen nettopp har endra namn frå «Norsk Misjon i Øst» til Stefanusalliansen, var det naturleg at Vollebæk i sin tale tok utgangspunkt i historia om bibelske Stefanus. Ho omtalte han som diakon og martyr – og minte om alle Stefanus-ane rundt omkring i verda i dag.

I tillegg til fantastiske kaker var det ditto song av Praise Him, ei gruppe me stadig er storleg stolt over at me har i Fitjar. Nydeleg song i dag òg.

To rundar med åresal, og lodd på hovudbok på toppen, gav verdfulle tusenlappar til organisasjonen, og mange fekk med seg mykje fint heim. Den lykkelegaste vinnaren denne gongen var nok seks år gamle Eline Stokken, som vann dokke med barnevogn og utstyr. – Eg skal vinne dokka, sa ho på førehand. Slik vart det òg.