Nokre av telta. Foto: Øvrebygda 4H

I helga feira Øvrebygda 4H 4H-dagen ved å sova i telt. Elise de Fine Olsen (12) og Elisabeth Rydland Sæbø (12) har skrive til oss om den litt kalde hendinga.

4.mai feirar ein 4H-dagen. Dei siste åra har 4H-arar i Noreg feira denne dagen ved å sova i naturuen. Dei fleste søv under open himmel, medan andre søv i telt.

Me i Øvrebygda 4H sov i telt natt til 4.mai. Det var diverre for kaldt til å sova under open himmel, så alle sov i telt. Det var folk frå 3.klasse til 8.klasse + nokre foreldre.

Telta slo me opp på bakken bak Øvrebygda skule. På kvelden grilla me og kosa oss. Nokre spela fotball, andre spela kort. Medan nokre gjekk tur, eller berre kosa seg rundt bålet.

To blide karar, som feirar 4H-dagen. Foto: Øvrebygda 4H

Nokre av medlemmane var med på kvelden, men berre dei som hadde lyst overnatta i telt. Me var 22 store og små som overnatta.

Me(Elise og Elisabeth) gjekk ein tur på kvelden. Me gjekk til Surefjedlet, og fekk sjå litt av solnedgangen frå toppen. På veg ned vart me skremt av eit dyr, som stod i skogen. Det bevega seg, so me såg ikkje kva dyr det var. Kanskje det var elgen?

Når me kom ned att til telta, hadde mange lagt seg inn i sine telt for natta. Det var for kaldt til å sova under open himmel, so me sov alle i telt, men det var kjekt for det!

Godt med frukost etter ei kald natt. Foto: Øvrebygda 4H

Fitjarposten har høyrt frå dei vaksne som var med, at det var ein positiv og energisk gjeng som overnatta i telt. Mogleg ordet overnatta vart nytta, for rykta seie at det vart litt lite søvn på gjengen.