Det klirra i strikkepinnar, kaffikoppar og snakketøy då me var innom på strikkekafeen i Fitjartun laurdag føremiddag.

Fitjar husflidslag markerte husflidens dag på  Fitjar med open strikkekafe for alle som hadde lyst å koma. Det var helst damer i ulike aldrar og ein god del ungar som tok turen til kafeen. Nokre få menn stakk og innom, men eg såg aldri at dei tok fram strikkepinnar og tråd, så det var truleg heller kaffien, kakene og det gode dameselskapet som lokka dei.

Det sat folk rundt mange av borda då eg kom innom i eitt-tida. Nokre unge damer sat og strikka med Hilde sitt flotte merinoull-garn, og heilt bak i ei krå sat Turid Hovland og sydde saman eit lappeteppe som skal til Ukraina. Husflidslaget har valt å knyta husflidsdagen opp mot Fitjar vidaregåande sitt prosjekt, der dei hjelper barneheimar og aldersheimar i Ukraina med tepper, varme kle og pengar. Leiar i husflidslaget, Petra Espevoll,  seier dei veit dette er eit bra prosjekt, og det har dei lyst til å vera med å støtta.

I ei anna krå sit Marit Hjelmen med strikketøyet sitt og ein stor haug med tråd framom seg. Ho sel tråd og strikkepinnar til dei som ikkje har med seg sjølv, og har vore fleire turar bortom butikken i løpet av føremiddagen for å henta meir. Mange vil vera med å strikka sokkar, eller lappar til lappeteppene som skal sendast til dei som frys i Ukraina.

Leiaren har lagt fram ei gjesteliste for å sjå kor mange som er innom, og så langt har talet passerte 50. Petra er godt nøgd med det, og set særleg pris på dei unge som kom.

Laurdags-strikkekafe var eit eingongsføretak, men allereie onsdag 21. september vert det handarbeidskafe i andre etasje i Fitjartun. Då er alle som ynskjer det velkomne til sosialt samvær og handarbeid. Der ein kan dela kunnskap og få hjelp om ein treng det, til strikking, hekling, hakking, brodering eller anna. Med lang opningstid frå klokka 18.00 til 22.00 håpar Petra at nok ein gong kan folk i alle aldrar finne ei tid som passar. Her kan ein koma og gå når ein vil. Det vert sal av rundstykke, kaffi og te, og alle er velkomne. Husflidslaget lovar godt arbeidslys og god og avslappa stemning.