17.mai-tog på ski fungerte toppers, fortel familien Drønen Brenne. Foto: privat

17.mai vert stadig oftare kalla barnas dag, so korleis feira småbarnsfamiliane nasjonaldagen i år?

Familien Drønen Brenne fortel at valet vart enkelt; de måtte bli fering på hytta i år.

– Med tre born under 10 år er 17.mai vanlegvis ein hektisk dag. So feiring på hytta var faktisk veldig fint, fortel mamma Birgitte Drønen Brenne.

– Det var kjekt å sleppa å ha bunad på. Det er jo fint, men eg vert so varm. Me må takla ein annleis 17.mai i år. Betre det enn at mange blir sjuk av Corona, fortel Josefine(9).

Ho fortel at heile familien kosa seg.

– Me gjekk i tog på ski, hadde sekkeløp og andre leikar, åt pølser og hadde ein nydeleg dag saman, fortel familien på fem, som har sendt oss fleire fine bilete frå feiringa si.

– Eg sakna vennane mine, men me hadde kjekke leikar og åt masse is. So eg hadde verdas beste 17.mai, seier Jens(7).

– Det var gøy å gå på ski med flagg på ryggen, me hadde skihopp og alt, legg Pernille(5) til.

Me i Fitjarposten håpar alle hadde ein fin nasjonaldag, uansett korleis ein valde å feira dagen.

Les ogso: Inviterte naboane til 17.mai-kiosk i garasjen