Fitjar Kvinne-og familielag markerte 70 -år med jubileumsfest på Cafe Annemor, torsdag kveld.

Programmet var allsidig med opplesing, mellom anna frå eit tidlegare referat frå protokollen i 1938 (etter eit møte der Emil Moe hadde snakka om "Oslofrokosten"), god mat, helsingar frå kretsen, allsong – og pianospel av Elin Sørfonn. Mellom 20 og 30 møtte på festen.

Arbeidsgruppa i munter drøs. like før festen. F.v. Kirsten Melkevik, Reidun Mæland og Borgny Vik. Foto: H.C.H.