Elisabet Rydland Sæbø fortel om kjekk feiring av 4H-dagen. Her saman med Elise de Fine Olsen og Irmelin Havn. Alle foto: Ole Sandvik

– Herleg å vakna med sola, fortel Elisabeth Rydland Sæbø.

Øvrebygda 4H feira i helga 4H-dagen ved å sova under open himmel. Sjølve 4H-dagen er først 4.mai, men Øvrebygda 4H som mange andre 4H-klubbar valde å ta feiringa på forskot.

– 4.mai er bursdagen til 4H. Difor vert alle 4H-arar i landet utfordra til å sove under open himmel for å markere dagen. Dette er det tiande året 4H-arar over heile landet søv ute ei natt i mai, fortel medlem i Øvrebygda 4H, Elisabet Rydland Sæbø.

Helena Skarpnes Røyrøy, Tomas Wen Sandvik, Simen Skarpnes Røyrør, Lyka Emilie Tislevoll og Ella Alsaker.

Ho fortel at Øvrebygda 4H feira dagen ved Øvrebygda skule.

– Me var 22 4H-arar i alderen 8 til 16 år som feira 4H-dagen i helga, nokre vaksne var ogso med. Om kvelden hadde me aktivitetar og konkurransar, sånn som når me reiser på leir med andre klubbar. Så koste me oss med grilling og smoores. Dei som ville sov so i telt eller hengekøyer like ved skulen natt til 1.mai, fortel Sæbø.

Maren Rydland, Mia Grimen og Adina Rydland

Ho fortel at stemninga var god, og at feiringa var ein suksess.

– Det var herleg å vakna til at sola var på veg opp og fuglane song!