Lekkasjen som har skapt problem med vassforsyninga til Øvrebygda er no funnen, nord på Helland.
To mann og gravemaskin er i ferd med å utbetra skaden, men Ove Gjerde kan ikkje på noverande tidspunkt seia kor lang tid det vil ta før alt er i orden.
-Først når ein får fiksa denne skaden, veit ein om det er fleire lekkasjar. Men mannskapa jobbar på det dei er gode for, får me vita.