Den spesiallaga fanfaren som skulekorps-dirigent Svein Roger Koppang hadde laga til vindpark-opninga var både pompøs, velklingande og storslått.

Koppang fortel til fitjarposten.no at han fekk spørsmålet i mai og tenkte at opningsfanfaren nettopp burde ha dei ovannemnde elementa i seg. 

Han fortel vidare at han begynte å komponere då han gjekk på Toneheim Folkehøgskole for 13 år sidan, og at han til no har laga 10-12 komposisjonar.

– Aller helst komponerer eg for brassband, men og jazzemsemble med blåsarar er ei spennande målgruppe for komposisjonane mine, seier han til fitjarposten.no.