Under avslutninga av årets Wärtsilä Cup i ettermiddag fekk me favorittsigrar i alle tre finalane. Open klasse for herrar blei vunnen av «Fitjarpotetene», dameklassen blei vunnen av «Unitech» frå Sagvåg, medan den gjævaste klassen fekk ein populær heimesiger ved Pokerstars, som slo «Sagvåg i vinden» i ein høgdramatisk finale.

I dameklassen hadde me sett for oss at anten Rødhette eller Komlene skulle gå heile vegen til finalen. Men veteranane frå Fitjar rauk ut i kvar sin semifinale, mot Unitech og Kvark, med kjende andlet som Lena Stokken og Randi Thorland på laget. Dei to sistnemnde laga var nok dei to beste i årets turnering, og spela ein fartsfylt og dramatisk finale.


Margaret Hillestad og Komlene rauk ut i semifinalen mot mykje yngre Kvark. Foto: Kjetil Rydland.

Kvark var heilt oppe i leiing 4-1, men klarte på uforklarleg vis å rota vekk leiinga. På slutten utlikna dei meir rutinerte Unitech-jentene frå Sagvåg, og med sluttstillinga 4-4 ved full tid gjekk det til straffekonkurranse. Her hadde Unitech-damene best kontroll på nervane, og då Lene Stavland sette inn det tredje straffesparket for Unitech, kunne sagvågarane jubla for siger.


Unitech-keeper Jane Næss i aksjon i straffekonkurransen. Foto: Kjetil Rydland.

Me drista oss allereie i går til å utropa Fitjarpotetene til favoritt i open klasse for herrar, og tok ikkje feil. Jonas Tislevoll og Henrik Sjo avgjorde finalekampen, som enda med fortent 2-0-siger over Jokers. Blant Fitjarpotetene la me elles merke til Tormod Tørnquist og keeper Jan Åge Tislevoll, som har hatt ei særs travel helg.


Tormod Tørnquist og Fitjarpotetene var ustoppelege i open klasse. Foto: Kjetil Rydland.

Jan Åge var nemleg sterkt delaktig i finalen i den sprekaste klassen også. Her spela han på Pokerstars saman med kompisar frå A-laget til Fitjar IL, mot «Sagvåg i vinden», som hadde Oddgeir Træet i mål. Sagvågarane mønstra noko av det beste som har vist seg på fotballbanar i Sunnhordland dei siste 30 åra. Blant andre Jostein Almås og Roger Almås stilte for sagvågslaget, og dei tok snart leiinga 2-0, ved Kristian Magnussen og nemnde Roger Alsaker.


Jan Åge Tislevoll vann dobbeltsiger i helga, som keeper for Fitjarpotetene og som utespelar for Pokerstars i eliteklassen. Foto: Kjetil Rydland.

Men Pokerstars gav ikkje opp, og først reduserte dei ved Helge Træet, før Kjell André Thorland utlikna til 2-2. Då kampen stod og vippa på slutten, gjekk pokerkapteinen Torbjorn Korsvik gjennom sagvågsforsvaret og scora sikkert bak Fitjar IL-kamerat Oddgeir Træet. Etter at dei hadde ridd av stormen i sluttminutta, kunne pokerstjernene jubla for ein ny, populær siger i Wärtsilä Cup.


Helge Træet, Torbjørn Korsvik, Mats Brakedal, Øyvind Fykse Lie, Kjell André Thorland, André Helland, Thomas V. Waage og Jan Åge Tislevoll jublar for den store pokalen. Foto: Kjetil Rydland.

Cupgeneral Ole Bergesen fortel om eit knirkefritt arrangement, utan dei store skadane. Som vanleg klarte han å avvikla kampene nesten på sekundet til oppsett tid. Takka vere god hjelp av fotballeiar Gisle Levåg, Rune Brakedal, dei erfarne dommarane med Roald M. Nilsen og Geir Tore Søreide i spissen. Og ikkje minst eit godt mannskap som heldt kiosken open nesten heile turneringa.

Som vanleg fortener fotballfolket ros for profesjonell gjennomføring av ei populær turnering.


Dommar Roald M. Nilsen hadde god kontroll på finalekampane. Foto: Kjetil Rydland.