Sist fredag klokka 08.15-08.45 stilte FAU opp ved gymsalen på Rimbareid skule for å ha ein oppmuntringsaksjon for trafikksikker skuleveg.

Med twist i bøtter og kaffi på kanna ville FAU oppmuntre foreldre/føresette til IKKJE å køyre barna til skulen.

– Set dei heller av ved Larsen eller ved bedehuset og la barna gå det siste stykket, var bodskapen, og dei fekk både smil og ros for initiativet, fortel rektor Siv Grete Stamnes ved Rimbareid skule til fitjarposten.no.

Grunnen til aksjonen er mange farlege situasjonar når skulebussane og alle privatbilane skal opp og ned Sjøsbrekko på same tid. Ekstra farleg vert det på glatte dagar.

– Må FAU lukkast med oppmodinga, vonar rektor Stamnes.