Søndag 6. mars er det fastelavnssøndag, men har tradisjonen med å baka fastelavnsbollar gått av moten?

Etter iherdig arbeid med å få tak i ein familie som skulle baka fastelavnsbollar måtte eg til slutt gje tapt. Anten så var dei i Oslo og såg på ski-VM, eller så var dei invitert vekk på fastelavnsbollar på søndag, eller så hadde dei vore tidleg ute og hadde bollane liggande klare i frysaren, eller som dei aller, aller fleste sa, dei skulle ha kjøpebollar, av ulike grunnar. Det var berre ein ting å gjera, skulle det verta fastelavnsbolle-reportasje måtte eg finna fram bakebollen og ropa på mine eigne ungar. Hadde eg ropt endå litt høgare, hadde det vel strøymd på med ungar på kjøkenet, for dei aller fleste likar å baka, men i dag hadde eg nok med mine eigne tre. Og bollar det blei det, i ulike variantar og med særpreg. Nokre utan fyll for å fyllast med krem eller vaniljekrem etter steiking, andre med overraskingar inni; bringebærsyltetøy, vaniljekrem eller ein sjokoladebete. Ungane naut bakinga, venta tolmodig under hevinga, venta utolmodig under steikinga og heiv seg over den nysteikte baksten som mettar svært lite i varm tilstand. Eg måtte skunda meg å lura unna noko om det skal bli bollar til kaffimat i morgon, for det var vel det som var heile poenget. Men kva som var poenget, og kvifor me gjer dette, det er det ingen av ungane som lurer på eller tenkjer på. Å baka, og eta, fastelavnsbollar er berre blitt ein naturleg årleg tradisjon.

Fastelavnssøndag er namnet på den siste søndagen før faste, dvs den 7. søndagen før påske. Dagen har og vorte kalla fleskesøndag. Fastetida startar onsdagen etter, på oskeonsdag, og i dei siste dagane før det skulle ein feita seg litt ekstra opp før fastetida sette inn. Fasten varer i heile 40 dagar, frå oskeonsdag til påskeaftan. Den observante lesar vil raskt rekna ut at det er 45 dagar frå oskeonsdag og fram til påskeaftan og ikkje 40. Forklaringa er at søndagane ikkje skal teljast med, fordi dei uansett er festdagar til minne om Jesu oppstode og ikkje høyrer med til fasta, ifølgje heimesida til Den norske kyrkja.

Har du enno ikkje fylt huset med velduftande gjærbakst er det enno ikkje for seint. Oppskrift kan ein mellom anna finna på Tv2 si oppskriftside her. Wenche Andersen som jobbar i God morgen Norge deler her si standard fastelavnsbolle-oppskrift med lesarane, saman med tips om kaldheving, oppskrift med mindre sukker og fett, oppskrift for dei med mjølkeallergi og forslag til ulike typar fyll.

Me som har kost oss med baking i dag håpar, og reknar med, at tradisjonen med å baka fastelavnsbollar tek seg opp att for fleire neste år, sidan det då ikkje skal vera ski-VM i Oslo.