Gjennom fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp har folk i Stord, Fitjar og Nysæter skaffa meir enn 10 700 menneske reint vatn. Ta vel i mot bøsseberarane i år òg.

– Det er godt å vita at støtta vår er konkret, og kjem medmenneske til gode, seier Jens Aas-Hansen i Kirkens Nødhjelp. Vi står midt i den kyrkelege fastetida og kyrkjelydane i Stord, Fitjar og Nysæter kan sjå tilbake på fleire tiårs engasjement for fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp. Ei fersk oppteljing viser at det er samla inn meir enn 2,1 millionar kroner dei siste 15 åra i dei tre sokna. 

– Dei fleste har eit forhold til den fiolette fastebøssa. Fastebøssa er eit symbol på nestekjærleik. I tillegg er den eit symbol på konkret forandring, seier Aas-Hansen. Pengane folk i Stord, Fitjar og Nysæter har gitt dei siste femten åra tilsvarer sikker tilgang på vatn for meir enn 10 700 menneske i Etiopia.

Mange vasskjelder
– Dette er i grunnen veldig enkelt. Utan vatn kan vi ikkje leva. Det gjeld både for menneske og natur. Derfor er det bra å vita at Kirkens Nødhjelp har sett opp eit stort antal vasskjelder i dei landa der vi arbeider, seier Aas-Hansen.

– Folk i Stord, Fitjar og Nysæter kan vera stolte av det dei har ytt. Men i følgje FN manglar framleis 884 millionar menneske sikker tilgang på vatn. Dette vil vi vera med og gjera noko med. I år har vi eit mål om å samla inn endå meir enn vi gjorde i fjor, og vi vonar folk i distriktet blir med på dugnaden, oppmodar Jens Aas-Hansen. Dei neste vekene går 40.000 bøsseberarar frå alle lokalsamfunn over heile landet for å visa solidaritet med dei som treng det aller mest.

Naudhjelp til Syria
I det borgarkrigsherja Syria er situasjonen no desperat, og 40 000 menneske flyktar frå landet kvar veke. Kirkens Nødhjelp sende like før jul inn 83 tonn med vatn og sanitærutstyr, telt, madrasser, teppe og hygieneartiklar frå beredskapslager i fleire land, i eit forsøk på å hjelpa dei mest trengjande i vinterkulda. NTB-meldinga vart trykt av ei lang rekkje aviser.