Ni  bilførarar fekk forenkla førelegg ved ein fartskontroll på Mehammer i går kveld. Seinare på kvelden mista ein sjåfør lappen etter å ha køyrt for fort i Bømlafjordtunnelen.

-UP sin fartskontroll på E39 ved Mehammer gjekk føre seg mellom kl. 19.00 og 22.00. Høgste fart var 110 km/t i 80 km/t- sone.

Bilføraren som mista lappen køyrde i 130 km/t i Bømlafjordtunnelen, opplyser operasjonsleiar Terje Tonning ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.