UP gjennomførte fartskontroll i Bømlafjordtunellen mellom klokka 09.00 og 11.00 i dag. To mista lappen, og tre fekk forenkla førelegg.

-Ein 23 år gamal mannleg sjåfør blei målt over ei strekning på 4181 meter og heldt då ei gjennomsnittsfart på 130 km/t i 80 km/t sone. En annan mannleg sjåfør på 18 år, blei målt over ei strekning på 2667 meter, med gjennomsnitt på 120 km/t i 80 km/t sone. Begge desse fekk beslaglagt førarkortet sitt.

 

I tillegg blei det skrive ut tre forenkla førelegg for mindre fartsovertredelsar.