To av tre fartsdemparar på den kommunale vegen mellom Vik og Fitjar sentrum er stolne, melder politiet.

Operasjonsleiar Jan Magne Østebøvik fortel at det er vegvesenet som har meldt saka til politiet, og at opplysningar i saka kan meldast til politiet på tlf. 02800.

Fartsdemparane er av plast og var skrudde ned i asfalten.