I fjor var 71 grader nord her. Nyleg var kjendisutgåva av same program på Stord og Bømlo. Allereie i juni startar «Farmen» filming på Fitjar.

– Når me skal plukka ut eit nytt område som eignar seg for «Farmen», prøver me å få ein variasjon mellom innland og kyst og forskjellige delar av landet. Då me bestemte lokalitet i fjor, stod det mellom Hardanger og Telemark. Det vart garden Storøy i Bamble i det sistnemnde fylket.

I Sunnhordland hadde me aldri vore før. Men etter nærmare research fann me ut at det absolutt var mogelegheiter her. Og så landa me på Smedholmen, seier prosjektleiar for «Farmen» i TV2, Christer Bengtsen, til fitjarposten.no.

Me får vidare vita at deltakarane skal bu i dei to husa på Smedholmen og at vekesoppdraga òg skal utførast der.

Folkloredelen i programmet, der deltakarane dreg avstad for å handle med «handelsstand frå gamal tid», i gamle kle og med tradisjonsrike «kremmarprodukt», tenkjer dei seg lagt til kaien ved gamlebutikken i Engesund, som Farmen-deltakarane kan nå med ein kort rotur.

Mykje er framleis under planlegging, og mange detaljar og avtalar er enno ikkje avklara. Mellom anna treng dei folk som kan produsera gamle ting og stilla opp som kremmarar på kaien i Engesund. Dette vil det bli lyst etter med det første.

Men ein ting til får me vita.

Mentor for deltakarane, og den som skal gje og kontrollera vekesoppdraga, vert Einar Matre ved Smedholmen Kyst og Naturlivsskule. Einar fortel til fitjarposten.no at han ikkje har lov til å gå ut med så mykje enno, og at det heile kom « som eit positivt sjokk» på han.

– Men når det først er skjedd synest eg det er spennande og vonar at det kan bli god reklame for fitjarøyane og Smedholmen, seier han.

– Det vil vel bli vekesoppdrag som har mykje med båtar å sjø å gjera då?

– Slike detaljar har eg diverre ikkje lov å uttale meg om, seier Einar, til slutt.

I alle fall: Filminga vil starta i slutten av juni. Så om det ikkje vert festival på Smedholmen i år, kan det bli spennande nok der likevel.

Fitjarposten vil følgje saka.