Fitjarposten var på opninga av Stord Kunstlag si medlemsutstilling i førre veke.

Stord-ordførar Liv Kari Eskeland opna utstillinga torsdag i førre veke i Kunsthallen, Stord Kulturhus. Her fekk me presentert dei beste kunstverka til over 20 av medlemmene i Stord Kunstlag. Dei fleste verka er for sal, og me såg mykje spanande, og noko var kanskje spesielt interessant sett med Fitjar-auge.

Vindmøllene i Midtfjellet har naturlegvis ikkje Stord-kunstnarane unngått å få med seg. Den kjende kunstnaren Marit Tislevold Odland har med eitt bilete av møllene. Det same har tidlegare fitjarbu Bjørn Bjørlykke, som kallar eitt av bileta sine for «Stridens eple». Det viser utsikta frå Fitjar prestegard opp mot Midtfjellet.

Også fitjarbuen John Arvid Skumsnes er representert med fleire spanande måleri. Ikkje minst er biletet «En lotusblomst» verdt å ta ein kikk på.

Utstillinga er open frå 14. november til 7. desember, tysdag og torsdag frå klokka 18 til 20 og laurdag klokka 12 til 14. Me foreslår at du tar turen, her er noko for ein kvar smak.